The Lamb Lies Down on Broadway er det sjette studioalbumet til det engelske progressiv rock-bandet Genesis. Det kom ut som eit dobbeltalbum den 18. november 1974 på Charisma Records og var det siste albumet deira med frontmannen Peter Gabriel før han slutta i 1975. Det fortel soga om Rael, ein puertoricansk ungdom frå New York City som legg ut på ei reise for å oppdage seg sjølv og kjem ut for rare hendingar og personar langs vegen. Under skrivinga og innspelinga forlet Gabriel for ei stund bandet for å arbeide med William Friedkin, som i tillegg til at han insisterte på å skrive alle tekstane, skapte press på resten av bandet.
The Lamb Lies Down on Broadway vart først møtt med blanda kritikk, men har sidan blitt kritikarrost. Det nådde tiandeplassen på UK Album Chart og 41. plassen på den amerikanske Billboard 200. I Storbritannia kom det ut to singlar får albumet, «Counting Out Time» og «The Carpet Crawlers», medan tittelsporet vart gjeven ut på singel i USA. Genesis marknadsførte albumet med ein turné i Nord-Amerika og Europa, og heldt i alt 102 konsertar i 1974 og 1975. Albumet selde til gullplate i USA i 1990 for 500 000 selde eksemplar.
Bakgrunn I mai 1974 bestod Genesis av frontmannen og songaren Peter Gabriel, klaverspelaren Tony Banks, bassisten Mike Rutherford, trommeslagaren Phil Collins og gitaristen Steve Hackett og dei var nettopp ferdig med 1973-1974-turneen sin i Europa og Nord-Amerika for å marknadsføre det femte albumet sitt, Selling England by the Pound (1973). Albumet var kritikarrost og selde godt, og dei fekk den høgaste plasseringa si til då på listene i USA og Storbritannia. Månaden etter leigde dei Headley Grange, eit stort, tidlegare fattighus i Headley i East Hampshire for å skrive og øve inn nytt materiale for det neste studioalbumet sitt. Då dei kom fram var bygningen etterlate av eit tidlegare band med ekskrement på golvet og mykje rotter. Privatlivet til somme av medlemmane byrja å påverke stemninga i bandet. Hackett sa: «Alle hadde sin eigen agenda. Somme av oss var gifte, somme av oss hadde barn, somme av oss vart skilde, og me prøvde framleis å ta oss saman i landet». Banks har seinare omtalt denne tida som den han likte minst i Genesis.
Produksjon
Skriving mini|upright|Konseptet og soga på albumet vart påtenkt av den originale songaren Peter Gabriel. Før dei hadde diskusjonar om kva albumet skulle innehalde, hadde dei bestemt seg for å spele inn eit dobbeltalbum, sidan dette gav dei høvet til å improvisere og leggje ned fleire av dei musikalske ideane sine.Rutherford, Mike. Reissues Interview 2007 bonus feature at 4:22–4:45. Eit enkelt album med songar som fortalte «bitar» av ei soge var ikkje eit val som appellerte til dei. Banks meinte at Genesis hadde fått nok fans no til at dei kunne gi ut nok materiale til å dekkje to album som fansen var villig til å lytte til.Banks, Tony. Reissues Interview 2007 bonus feature at 4:45–5:05. Dei hadde òg ønskt å skape eit konseptalbum ei stund, og Rutherford la fram ein idé basert på fantasiromanen Den vesle prinsen av Antoine de Saint-Exupéry, men Gabriel ønskte ikkje det og synst det var «for nusseleg» og meinte at «danse kring i eventyrland var raskt blitt avleggs».
Gabriel presenterte ei meir komplisert og surrealistisk soge om Rael for gruppa, ein puertoricansk ungdom i New York City og den andelege reisa for å oppdage seg sjølv, der han kom ut for mange rare hendingar og personar langs vegen.Welch, Chris. Genesis: The Lamb Lies Down On Broadway. Melody Maker, 23. november 1974. Gabriel hadde først tenkt ut soga då dei turnerte Nord-Amerika året før og la fram soga for gruppa «fram til dei gjekk med på å gjere heile greia.» Soga var meir detaljert og obskur i starten, før Gabriel endra ho og gjorde Rael til den sentrale rollefiguren. Han valde namnet Rael fordi han ønskte eit namn som ikkje hadde «sporbart etnisk opphav», men forstod sidan at The Who hadde brukt namnet på The Who Sell Out (1967), som først irriterte han før han likevel valde å halde på namnet. Då bandet leita etter eit namn forstod dei at «Ra» var eit vanleg mannsnamn i fleire land. Gabriel var inspirert av mange ting for soga, som romanen og musikalen West Side Story, «ein slags punk-aktig» vri på den kristne allegorien Pilgrim's Progress (1678), verka til den sveitsiske psykologen Carl Jung og den surrealistiske, vestlege filmen El Topo (1971) av Alejandro Jodorowsky. I motsetnad til Selling England by the Pound, som har sterke engelske tema, prøvde Gabriel bevisst å unngå dette og i staden gå for amerikanske bilete, med referansar til Caryl Chessman, Lenny Bruce, Groucho Marx, Marshall McLuhan, Howard Hughes, Evel Knievel og Ku Klux Klan. Han var òg uroa over tittelen på albumet, men merka seg at lammet sjølv var reint symbolsk og ein katalysator for rare hendingar som skjer.
mini|venstre|Mykje av albumet vart skrive i Headley Grange. Under skrivinga i Headley Grange, fjerna Gabriel seg frå resten av bandet og dette førte til krangling. Sidan han hadde kome på konseptet, insisterte Gabriel på å skrive alle tekstane, og let resten av bandet stå for det meste av musikken. Bandet hadde ikkje gjort det slik før, sidan det alltid hadde vore andre medlemmar som òg hadde skrive tekstar før.Banks, Tony. Reissues Interview 2007 bonus feature at 5:15–5:25. Situasjonen gjorde at Gabriel ofte sat på eit rom aleine og skreiv tekstar, medan dei fire andre øvde i eit anna rom.Collins, Phil. Reissues Interview 2007 bonus feature at 2:07–2:28. Ein gong hadde ikkje Gabriel klart å få ein tekst ferdig i tide, så Rutherford og Banks skreiv teksten til «The Light Dies Down on Broadway». Andre gonger kom Banks og Hackett med tekstforslag dei meinte ville passe songane deira betre, høvesvis «The Lamia» og «Here Comes the Supernatural Anaesthetist», som Gabriel så avviste.
Det vart meir krangling på denne tida då Gabriel godtok ein invitasjon frå filmprodusenten William Friedkin om å skrive eit manus etter Friedkin likte den surrealistiske soga Gabriel hadde skrive på omslaget til Genesis Live (1973). Collins kom så med eit forslag om å lage eit heilt instrumentalt album, og meinte det kunne vere ein fordel sidan Gabriel tidlegare hadde skrive veldig tekst-tunge songar, men resten av gruppa gjekk ikkje med på dette.Collins, Phil. Reissues Interview 2007 bonus feature at 8:36–9:20. Gabriel sitt tilbod hos Friedkin vart derimot ikkje noko av og han fortsette arbeidet med albumet.Genesis 2007, s. ukjend. Det vart meir komplisert då Gabriel var borte ei stund i London etter at den første kona hans Jill gjekk gjennom ein farleg og vanskeleg fødsel med det første barnet deira i juli 1974 og Gabriel reiste ofte fram og attende. Rutherford har seinare sagt at han og Banks var «forferdeleg lite støttande» for Gabriel på denne tida, og Gabriel såg dette som byrjinga på slutten for tida hans i Genesis.Gabriel, Peter. Reissues Interview 2007 bonus feature at 10:55–11:58.
Innspeling Etter tida deira i Headley Grange var over, flytta Genesis til Glaspant Manor i Capel Iwan i Carmarthenshire i Wales for å spele inn plata med eit mobilt innspelingsutstyr frå Island Studios i London. The Lamb Lies Down on Broadway vart den siste innspelinga deira med John Burns som medprodusent, ei rolle han hadde hatt sidan Foxtrot (1972). Heile bandet er oppførte som medprodusentar, medan David Hutchins var lydteknikar. Innspelingsutstyret bestod mellom anna av to 3M 24-sporsopptakarar, ein Helios Electronics 30-input miksepult, Altec-monitorar, og to A62 Studers for mastering. Burns og Gabriel eksperimenterte med forskjellige vokaleffektar, mellom anna innspeling inne på eit bad og eit fjøs som låg nokre kilometer unna. Rutherford meinte at lyden på albumet var betre enn tidlegare Genesis-album sidan det ikkje var spelt inn i eit profesjonelt studio, og at dette gjorde godt for lyden til trommene til Collins.Rutherford, Mike. Reissues Interview 2007 bonus feature at 14:42–15:15. Collins samanlikna lyden på albumet med innspelingane Neil Young gjorde på låven sin, «ikkje studio, ikkje lydtett, men ein treaktig kvalitet».Collins, Phil. Reissues Interview 2007 bonus feature at 15:15–15:32. Gabriel sa at eitt spor vart spelt inn på ein kassett og brukt på albumet.
Alle spora for albumet vart spelt inn på omtrent to veker. Gabriel arbeidde framleis på tekstane ein månad seinare, og spurte ein gong bandet om å skrive meir musikk for å passe teksten hans. Dette var tilfellet med «The Carpet Crawlers» og «The Grand Parade of Lifeless Packaging». Bandet trudde det ekstra materiale skulle vere instrumentalt, men fann seinare ut at Gabriel hadde sunge over dei nye partane, noko han òg hadde gjort på spor på Foxtrot (1972) og Selling England by the Pound (1973). Gabriel spelte inn vokalen sin i Island Studios, der albumet vart miksa over fleire skift då bandet sleit med å få albumet ferdig til utgjevinga i november 1974. Collins sa: «Eg miksa og dubba heile natta, og så kom Tony og Mike inn og miksa om att det eg hadde gjort fordi eg hadde mista all kjensle om kva som var normalt på det tidspunktet».
Soge mini|right|Soga opnar med Rael på Broadway i New York City. Ein morgon i New York City held Rael ein sprayboks og hatar alle kring seg. Han ser eit lam som ligg på Broadway og dette går kraftig inn på han. («The Lamb Lies Down on Broadway») Han går ned langs gata og ser ei mørk sky ta form som eit filmlerret og flyttar seg sakte mot han og til slutt absorberer han («Fly on a Windshield»), og ser ein eksplosjon av bilete frå den dagen («Broadway Melody of 1974») før han vaknar i ei grotte og igjen sovnar («Cuckoo Cocoon»). Rael vaknar opp og finn seg sjølv fanga i eit bur av stalaktittar og stalagmittar, som sakte kryp inn mot han. Då han prøver å rømme ser han broren sin John og roper etter han, men John går sin veg og buret forsvinn brått («In the Cage»).
Rael er no på eit golv i ein fabrikk og får ei omvising i området av ei kvinne, der han ser folk bli pakka inn i pakkar. han ser ein gammal ven frå gjengen sin og John med talet «9» stempla inn på panna. Rael fryktar for livet sitt og rømmer inn i ein gang («The Grand Parade of Lifeless Packaging») og har eit lengre tilbakeblikk om då han kom attende frå eit gjengraid i New York City, («Back in N.Y.C.») ein draum der det hårete hjarta hans vert fjerna og barbert med ein høvel, («Hairless Heart») og det første seksuelle møtet hans («Counting Out Time»). Tilbakeblikket til Rael endar og han finn seg sjølv i ein lang gang med raudt teppe der folk kryp mot utgangen via ei spiraltrapp («Carpet Crawlers»). På toppen kjen han til eit rom med 32 dører, omgjeve av folk og med problem om å konsentrere seg («The Chamber of 32 Doors»). Han finn ei kvinne som fører han ut av rommet og inn i ei anna grotte («Lilywhite Lilith»), der han vert fanga av fallande steinar («The Waiting Room», «Anyway»). Rael møter Døden («Here Comes the Supernatural Anaesthetist») og rømmer frå grotta.
Rael endar opp eit basseng med tre Lamia, vakre, slangeliknande skapningar, og har sex med dei, før dei døyr etter å ha drukke noko av blodet hans («The Lamia»). Han forlet bassenget i ein båt («Silent Sorrow in Empty Boats»), og e så i ei gruppe kalla Slippermen, med forvridde, grotessske menn som alle har hatt den same opplevinga med lamiaene, og finn ut at han har blitt ein av dei («The Arrival»). Rael finn John blant Slippermen, som avslører at den einaste måten å bli menneskeleg igjen er å dra til Doktor Dyper og bli kastrert («A Visit to the Doktor»). Begge vert kastrerte og held den fjerna penisen sin i boksar rundt halsen. Boksen til Rael vert stolen av ein ramn og han jagar etter fuglen og forlet John («The Raven»). Ramna droppar boksen i ei kløft og ei underjordisk elv («Ravine»).