Nils Olav Nilsen (Dødsannonse , vareminnesider.no) var ein norsk fotballspelar, fødd på Roaldsøy i Stavanger. Han spela 17 sesongar for Viking Fotballklubb og var med å vinne tre seriemeisterskap og eitt cup-gull. Mellom 1962 og -71 spela han 62 landskampar for Noreg.

Aktiv Nilsen spela for det meste på midtbana, men var i periodar også midtspiss. I sin debutsesong var han med då Viking i 1959 vann sitt andre cupmeisterskap, med finalesiger 2-1 etter ekstraomgangar over Sandefjord Ballklubb.

Han debuterte på det norske fotballandslaget i juni 1962, og var gjennom 1960-åra ein sentral spelar på landslaget. I alt skåra han 19 landslagsmål, derimellom eitt av måla då Noreg vann med 3-0 over Jugoslavia på Ullevål stadion i ein VM-kvalifiseringskamp i juni 1965, høgdepunktet for norsk landslagsfotball på 1960-talet.

Nilsen var ein sentral spelar då Viking vann fire strake seriemeisterskap i tida 1972-75. Sjølv spela han på laget til og med 1974, og var deretter trenar for klubben då den fjerde meistertittelen vart sikra i 1975. Han spela sin siste kamp i cupfinalen 1974, der Viking tapte mot Oslo-klubben Skeid.

Merittar Norsk seriemeister med Viking FK 1972, 1973, 1974 Norsk cupmeister 1959 med Viking FK

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Olav Nilsen» frå , den 25. september 2012.

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Folk frå Stavanger Kategori:Viking-spelarar Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Norske fotballtrenarar