Fredrik Heggeland () er ein norsk fotballspelar som speler fpå Brann si B-liste frå og med hausten 2012. Det vil seia at han sjølv om han ikkje er profesjonell tippeligaspelar, kan vera med å spela i tippeligakampar.
Sommaren 2010 vart Heggeland teken opp i A-stallen til Løv-Ham, og han har spelt fleire kampar på aldersbestemte landslag. Han debuterte i 1. divisjon i den niande serierunden i 2010 heime mot Strømmen IF. Hausten 2011 var han på prøvespel i Vålerenga.
Etter 2011-sesongen vart Løv-Ham og Fyllingen Fotball slått saman til FK Fyllingsdalen, og Heggeland heldt fram i den nye klubben. Heggeland gjekk over til SK Brann i juli 2012.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fredrik Heggeland» frå , den 25. september 2012.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Profil på Altomfotball.no Profil på Brann.no
Kategori:Brann-spelarar Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Løv-Ham-spelarar Kategori:Fyllingsdalen-spelarar