J-Tull Dot Com er det 20. studioalbumet til det britiske rockebandet Jethro Tull, utgjeve i 1999. J-Tull Dot Com kom ut fire år etter det førre albumet, Roots to Branches, og held fram i same spor med å blande hardrock og kunstrock med austleg musikk. Det er òg det siste albumet med Andrew Giddings på tangentinstrument og det einaste albumet med Jonathan Noyce på bass, sjølv om begge var med i bandet fram til 2007.
Songane på albumet var påverka av at bandet gjennom tiår hadde spelt over heile verda. I songar som «Hot Mango Flush» måler Anderson levande bilete av gatebilete frå den tredje verda. Somme songar omhandlar òg at Anderson innser at han er i ferd med å verte gammal, som «Wicked Windows» som er ei fundering om lesebriller.
Namnet på albumet er adressa til den offisielle nettstaden til bandet.
Per september 2012 er dette det siste studioalbumet deira med berre originale songar.
Innhald
Somme versjonar av Cden har eit «gøymd» bonusspor, introdusert av Ian Anderson med reklame for det komande soloalbumet hans, The Secret Language of Birds
Medverkande Ian Anderson - vokal, tverrfløyte, bambusfløyte, bouzouki og akustisk gitar Martin Barre - elektrisk og akustisk gitar Andrew Giddings - Hammondorgel, piano, trekkspel, kromatiske og qwerty tangentinstrument Doane Perry - trommer og perkusjon Jonathan Noyce - bassgitar Gjestemusikar: Najma Akhtar - vokal på «Dot Com»
Kjelder Denne artikkelen bygger på «J-Tull Dot Com» frå , den 19. september 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Ground and Sky review Progressive World review januar 2000 Interview
Kategori:Musikkalbum frå 1999 Kategori:Jethro Tull-album Kategori:Varèse Sarabande-album Kategori:album produserte av Ian Anderson