Michael Timothy «Mick» Abrahams () var den første gitaristen i Jethro Tull. Han spelte på albumet This Was med bandet i 1968, men konfliktar mellom han og Ian Anderson over den musikalske retninga til bandet førte til at Abrahams forlet bandet så snart albumet var ferdig. Abrahams ønskt eå følgje ei meir bluesretning, medan Anderson ønskte å blande inn meir folk- og jazz. Han vart først erstatta av Tony Iommi, som forlet Tull etter berre nokre veker og sidan starta Black Sabbath, og så av Martin Barre som har spelt gitar i Jethro Tull sidan.
Abrahams starta så Blodwyn Pig og gruppa spelte inn to album, Ahead Rings Out og Getting to This før dei vart oppløyst i 1970. Abrahams fortsette med det kortvarige bandet Wommet, så the Mick Abrahams Band og har halde fram å gje ut soloalbum og med gjenforeinte versjonar av Blodwyn Pig. Han har arbeidd som sjåfør, livvakt og økonomisk rådgjevar og har stundom halde konsertar.
Abrahams skapte noko strid hos Tull-tilhengjarane då han i 1990-åra skapte bandet Thiw Was med dei originale medlemmane av Jethro Tull (utanom Anderson) og spelte songar frå den første Jethro Tull-perioden. Anderson vart visstnok ikkje særleg fornærma og i nyare tid har Anderson spelt i lag med dei til tider. Abrahams har òg stundom spelt ein og annan konsert med Jethro Tull.
Diskografi Solo 1971 − Mick Abrahams 1972 − At Last 1975 − Learning to Play Guitar With 1996 − One 1996 − Mick's Back 1997 − Live in Madrid 1999 − This Is 2000 − See My Way 2003 − Live: All Tore Down 2005 − Leaving Home Blues 2008 − This Was 2008 − Times Have Changed med Jethro Tull 1968 − This Was med Blodwyn Pig 1969 − Ahead Rings Out 1970 − Getting to This
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mick Abrahams» frå , den 15. september 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell Abrahams/Blodwyn Pig-side Biografi frå den offisielle sida til Jethro Tull
Kategori:Engelske gitaristar Kategori:Folk frå Luton Kategori:Musikarar frå London Kategori:Jethro Tull-medlemmar