Hold Your Fire er det 12. albumet av det kanadiske progressive rockebandet Rush. Albumet vart utgjeve i 1987 på Mercury Records.

Sjølv om Hold Your Fire inneheld så godt som like mykje synthesizerar som føregangaren, Power Windows, er gitarriffa og soloane meir fremstående på fleire av songane på dette albumet.

Når det kom til tekstene på dette albumet fortsette Rush å utforske nye territorium, songen «Tai Shan» er til dømes inspirert av austen. «Lock and Key», «Force Ten», og «Time Stand Still» er nokre av Rush's største hit si frå albumet, medan «Mission» og «Prime Mover» inneheld mange likskapar med Power Windows. På «Time Stand Still», «Open Secrets» og «Tai Shan» får Rush hjelp av 'Til Tuesday-vokalist og bassist Aimee Mann med noko av vokalen i songen.

Hold Your Fire selde dårleg samanlikna med andre Rush-album. Det nådde 13. plass på Billboard 200-lista i USA og det var første gongen Rush ikkje nådde Topp 10 der sidan Hemispheres i 1978. Albumet selde til gullplate i USA, kort tid etter det kom ut, men nådde ikkje platinaplate, som det første Rush-albumet sidan Caress of Steel frå 1975.

Innhald

Medverkande Rush Geddy Lee – bassgitar, synthesizerar, vokal Alex Lifeson – gitarar Neil Peart – trommer, perkusjon

Andre medverkande Aimee Mann – vokal Andy Richards – tangentinstrument, synthesizerprogrammering Steven Margoshes – arrangement og dirigent The William Faery Engineering Brass Band arrangert og dirigert av Andrew Jackman

Lister Album ÅrListePlassering1987Billboard 200 (Nord-Amerika)13RPM100 Albums (Canada)12UK Album Charts10Tyskland34Sverige21GfK Nederland40

Salstrofé LandOrganisasjonSalUSARIAA Gull (500 000)CanadaCRIA Platina (100 000)StorbritanniaBPISilver (60 000)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hold Your Fire» frå , den 13. september 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Rush-album Kategori:Musikkalbum frå 1987 Kategori:Anthem Records-album Kategori:Mercury Records-album Kategori:Vertigo Records-album