Galina Tsjistjakova-Beskrovnaja () er ein tidlegare lengdehoppar og tresteghoppar frå Izmajil, sørvest i det noverande Ukraina. I størsteparten av karrieren sin tevla ho for Sovjetunionen. Galina Tsjistjakova held den gjeldande verdsrekorden i lengdehopp med 7,52 meter. Hennar personlege rekord i tresteg er på 14,76 meter.

Karriere

Galina Tsjistjakova vann lengdehopptevlinga under innandørs-EM i Athen i 1985 med eit hopp på 7,02. Året etter vann ho sølv under EM i friidrett i Stuttgart. Tsjistjakova hoppa 7,09, men austtyske Heike Drechsler hoppa lengre. Den 11. juni 1988 deltok Tsjistjakova i ei tevling i Leningrad, der ho sette verdsrekord i lengdehopp med 7,52. Underleg nok fekk ho ikkje meir enn ein bronsemedalje under sommar-OL 1988 i Seoul seinare same året. Her hoppa ho 7,11 meter.

Tsjistjakova vann fleire medaljar i lengdehopp og tresteg under innandørs-meisterskap, inkludert ein gullmedalje frå innandørs-VM i Budapest i 1989. Etter ein kneoperasjon i 1990 fann ho aldri tilbake til toppformen sin. Fram til no hadde Tsjistjakova representert Sovjetunionen, men ho vart russisk statsborgar ved unionsoppløysinga før ho etter nokre år vart slovakisk statsborgar. I 1995 gjorde ho eit comeback, og representerte Slovakia under sommar-OL 1996 i Atlanta, men kvalifiserte seg ikkje til finalen korkje i lengdehopp eller tresteg. Ho er no busett i Slovakia saman med familien sin.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Galina Chistyakova» frå , den 9. september 2012. Denne artikkelen bygger på «Galina Tschistjakowa» frå , den 9. september 2012.

Bakgrunnsstoff World Athletics

Kategori:Sovjetiske lengdehopparar Kategori:Sovjetiske tresteghopparar Kategori:Slovakiske lengdehopparar Kategori:Slovakiske tresteghopparar Kategori:Ukrainske lengdehopparar Kategori:Ukrainske tresteghopparar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Slovakiske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996