Olesjkyjsanden (ukrainsk Олешківські піски) er det største sandområde i UkrainaStundom vert Olesjkyjsanden rekna som den største ørkenen i Europa, men den største sandørkenen i Europa er Rynørkenen (40 000 km²), 20 gonger større. Han ligg innanfor kysten av Svartehavet og består av sanddyner eller kutsjuhury (lokalt), som når ei høgd på fem meter. Det finst noko spreidd vegetasjon i sanden.

Olesjkyjsanden ligg i Olesjky rajon, Kherson oblast, 30 km aust for Kherson. Det tidlegare namnet på Olesjky. Før Krim-khanatet vart annektert i Russland på slutten av 1700-talet høyrte området til dei nomadiske Nogai-hordane, særleg Djambuilut-horden.

Under Sovjetunionen vart sandområdet nytta som bombeområdet for pilotar i Warszawapakta. Framleis er det mogeleg å finne udetonert skyts.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Oleshky Sands» frå , den 8. september 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Oversyn

Kategori:Kherson oblast Kategori:Ukrainsk geografi