mini|Krimfjella Krimfjella (ukrainsk Кримскі Гори, Krymski Hory; russisk Крымские Горы, Krymskije Gory; krimtatarisk Qırım dağları) er ei fjellkjede som går parallelt til søraustkysten av Krimhalvøya i Ukraina, kring 13 km frå sjøen. I vest fell fjella bratt ned mot Svartehavet og i aust glir dei slakt over i eit steppelandskap.
Krimfjella bestrå av tre mindre rekkjer. Den høgaste er Hovudrekkja. Hovudrekkja er delt inn i fleire massiv, kjend som yaylaer (krimtatarisk for fjelleng) eller fjellplatå. Desse er:
Baydar Yayla Ay-Petri Yayla Jalta Yayla Nikita Yayla Gurzuf Yayla Babugan Yayla Tsjatyr-Dag Yayla Dologorukovskaya (Subatkan) Yayla Demirji Yayla Karabi Yayla
Den høgaste toppen på Krimhalvøya er Roman-Kosj (ukrainsk og russisk Роман-Кош, krimtatarisk Roman Qoş) i Babugan Yayla på 1545 meter over havet. Andre viktige toppar på over 1200 meter over havet er:
Demir-Kapu (ukrainsk Демір-Капу, russisk Демир-Капу, krimtatarisk Demir Qapı) 1540 moh i Babugan Yayla; Zeytin-Kosh (ukrainsk og russiskЗейтин-Кош, krimtatarisk Zeytün Qoş) 1537 moh i Babugan Yayla; Kemal-Egerek (ukrainsk Кемаль-Егерек, russisk Кемаль-Эгерек, krimtatarisk Kemal Egerek) 1529 moh i Babugan Yayla; Eklizi-Burun (ukrainsk Еклізі-Бурун, russisk Эклизи-Бурун, krimtatarisk Eklizi Burun) 1527 moh i Tsjatyrdag Yayla; Lapata (ukrainsk og russiskЛапата, krimtatarisk Lapata) 1406 moh i Yaltynska Yayla, Jalta Yaylası; Nord-Demirji (ukrainsk Північний Демірджі, russisk Северный Демирджи, krimtatarisk Şimaliy Demirci) 1356 moh i Demirci Yayla; Ai-Petri (ukrainsk Ай-Петрі, russisk Ай-Петри, krimtatarisk Ay Petri) 1234 moh i Ay Petri Yaylası.
Dei viktigaste fjellovergangane over Krimfjella er:
Angarskyjpasset nær landsyen Perevalne på vegen frå Alusjta til Simferopol Bajdarpasset nær Foros, mellom Bajdardalen og kysten Laspipasset nær Ayjaneset, langs vegen frå Jalta til Sevastopol.
Elvar i Krimfjella er mellom andre Alma, Tsjernaja og Salhir på nordsida og Utsjan-su på sørsida med Utsjan-su-fossen, som er eit populært turistmål og den høgaste fossen i Ukraina.
Arkeologar har funne dei tidlegare anatomisk modern menneska i Europa i Krimfjella i Buran-Kaja-grottene. Fossila er 32 000 år gammal med lekamar knytte til Gravetti-kulturen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Crimean Mountains» frå , den 7. september 2012.
Kategori:Geografi på Krimhalvøya Kategori:Fjellkjeder i Ukraina