Obolonkrateret er eit nedslagskrater kring 200 km søraust for Kiev i Ukraina i Poltava oblast. Det har ein diameter på 20 km. Det er gjort boreprøvar i krateret og ein har funne spor av sjokkmineral og smelta bergartar som følgje av nedslaget. Det høge klorinnhaldet indikerer at området på den tida var dekt av eit grunt hav.Gurov E.P., Gurova E.P. (1995). "Impact melt composition of the Obolon crater: chlorine as a possible indicator of the submarine crater formation". Meteoritics, v. 30, p 515. Abstract Ein har estimert at nedslaget skjedde for 169 ± 7 million år sidan (midtre juratida).

Det er foreslått av geofysikaren David Rowley frå University of Chicago, i lag med John Spray frå University of New Brunswick og Simon Kelley frå Open University, at Obolon var ein del av ei mogeleg gruppe av nedslag som òg danna Manicouagankrateret nord i Quebec, Rochechouartkrateret i Frankrike, Saint Martin-krateret i Manitoba og Red Wing-krateret i Nord-Dakota. Spray, J.G., Kelley, S.P. and Rowley, D.B. (1998). "Evidence for a late Triassic multiple impact event on Earth". Nature, v. 392, s. 171–173. Abstract All kratera var tidlegare kjende og studerte, men det har vist seg at alle kratera låg på linja i tida då dei oppstod. Rowley har sagt at sannsynet for at desse kratera tilfeldigvis skal ha blitt danna på same linje er lik null.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Obolon' crater» frå , den 4. september 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Krater i Ukraina Kategori:Krater frå juratida Kategori:Poltava oblast