Tsjeremosj (ukrainsk Черемош, rumensk Ceremuş, polsk Czeremosz) er ei elv vest i Ukraina og ei sideelv til Prut.
Ho renn langs grensa mellom dei historiske regionane Bukovina og Galicia. I mellomalderen og tidleg moderne tid var ho ein del av grensa mellom Fyrstedømet Moldavia og Kongedømet Polen. I dag renn ho langs grensa mellom Ivano-Frankivsk og Tsjernivtsi oblast.
Elva spring ut i Karpatane og renn hovudsakleg mot nordaust.
Det har sidan 1950-åra vore tradisjonar for elvesport på elva, som rafting og kajakkpadling, sidan elva har mange stryk.
Byar nær elva Kuty Vyzhnytsya Vashkivtsi
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Cheremosh River» frå , den 4. september 2012.
Bakgrunnsstoff Rafting på Tsjeremosj
Kategori:Elvar i Ukraina Kategori:Ivano-Frankivsk oblast Kategori:Tsjernivtsi oblast