Osmancık er eit distrikt i provinsen Çorum i Svartehavsregionen i Tyrkia, 59 km nord for byen Çorum. Byen har kring 25 000 innbyggjarar.

Byen ligg ved ein stad der det i antikken var mogeleg å krysse elva Kızılırmak langs Silkevegen.

I dag er Osmancık kjend for risproduksjonen.

Den nordanatoliske forkastinga går gjennom dalen og Osmancık er særleg utsett for jordskjelv.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Osmancık» frå , den 28. august 2012.

Kategori:Busetnader i provinsen Çorum Kategori:Byar i Tyrkia