Lagfiskeskarv (Phalacrocorax sulcirostris) er medlem av skarvfamilien. Han er vanleg i mindre elvar og innsjøar i dei fleste områda av Australia og nordlege New Zealand. Dei blir rundt seksti centimeter i kroppslengd, og er heilsvarte med blågrøne auge. __NOTOC__ Skildring Lagfiskeskarv er ein liten skarveart som måler 60-65 cm, han har svart fjørdrakt med grønskjær og skjelmønster på oversida.Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (rev. utg.), Viking, 2005 Kjønna har lik fjørdrakt, i hekkesesongen viser dei uregelmessige, kvite fjører på hovudet og halsen, grønskjæret slår over i meir bronsefarge.Parks & Wildlife Service, Tasmania Little black cormorant, Phalacrocorax sulcirostris Henta 25. august 2012 Det lange slanke nebbet er grått, og bein og føter svarte. Vaksne fuglar har grøn iris, juvenile brun, ungfuglar har meir brunt i fjørdrakta.
Lagfiskeskarvar har utbreiing frå Malayahalvøya gjennom Indonesia, men ikkje Sumatra, vidare gjennom Ny-Guinea, inkludert D'Entrecasteaux-øyane, Salomonøyane og over heile Australia. Dei lever òg på Nordøya på New Zealand. Denne arten held seg alltid ved vatn, helst ferskvatn, og finst i innlandet og nokre gongar i grunne kystområde.
Dietten åt lagfiskeskarvar er hovudsakleg fisk og ferskvasskreps, og dei et ein høgare del av fisk enn kortnebbskarv, som et meir tifotkreps. Lagfiskeskarvar er meir sosiale enn andre skarveartar, og kan samlast i store flokkar som nokre gonger flyg i V-formasjonar.
Hekkinga går føre seg ein gong i året, i det sørlege Australia om våren eller hausten, i tropiske regionar skjer det før eller etter monsunen. Reiret er ei lita plattform bygd av tørka greiner og stokkar i eit tre som står i vatn. Reiret er ofte plassert i nærleiken av andre vassfuglar, slik som andre skarvar, hegrar, ibisar eller skeistorkar. Dei legg tre til fem, typisk fire lyseblå ovale egg på 48 x 32 mm. Egga er dekt med eit tynt lag av kalk, noko som gjev dei ein mattkvit utsjånad. Reiret og egga blir stadig meir farga med avføring gjennom hekkesesongen.
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Little Black Cormorant» frå , den 25. august 2012
Bakgrunnsstoff Videoar, bilete og lydopptak av lagfiskeskarvar hos Internet Bird Collection
kategori:Skarvfamilien Kategori:Fuglar i den australske regionen Kategori:Takson namngjevne av Johann Friedrich von Brandt