Tonstad kommune var ein tidlegare kommune i Vest-Agder fylke. Kommunen kom til då Sirdal kommune vart delt i 1903. Resten av Sirdalen fekk namnet Øvre Sirdal kommune.
I 1960 vart dei to kommunane slegne saman igjen. I tillegg kom bygda Haughom frå Bakke kommune, til saman vart dette Sirdal kommune. Tonstad kommune utgjorde 361 kilometer2 før samanslåinga.
Kjelder
Kategori:Tidlegare kommunar i Vest-Agder Kategori:Norske kommunar skipa i 1903 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1960 Kategori:Historie i Sirdal