Piotr Małachowski () er ein polsk tidlegare diskoskastar frå Żuromin. Han vart verdsmeister 2015 og europameister 2010 og 2016.

Karriere Piotr Małachowski vann sølv under U23-europameisterskap i 2005 som sin fyrste internasjonale medalje. Han deltok under EM i friidrett 2006 i Göteborg og VM i friidrett 2007 i Osaka men kasta ikkje langt nok til å få medalje i desse meisterskapa.

Małachowski OL-debuterte under sommar-OL 2008 i Beijing. Her kasta han seg til sølvmedaljen med eit kast på 67,82. Gullet gjekk den gongen til estiske Gerd Kanter, og bronsen fekk Virgilijus Alekna frå Litauen.

Under VM i friidrett 2009 i Berlin sette Piotr Małachowski ny polsk rekord med 69,15 m. Tyske Robert Harting kasta likevel lengre på sitt siste forsøk, og Małachowski fekk VM-sølv. Men under EM i friidrett 2010 i Barcelona tok Małachowski revansje. Her kasta han 68,87 og vart europameister framfor Robert Harting og ungararen Róbert Fazekas.

Piotr Małachowski deltok også under sommar-OL 2012, men enda her på ein femteplass.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 2006 i Göteborg: Nr 6 – 64,57 m VM 2007 i Osaka: Nr 12 – 60,77 m OL 2008 i Beijing: Sølvmedalje – 67,82 m, bakom Gerd Kanter (68,82 m) VM 2009 i Berlin: Sølvmedalje – 69,15 m, bakom Robert Harting (69,43 m) EM 2010 i Barcelona: Gullmedalje 68,87 m, framom Robert Harting (68,47 m) VM 2011 i Daegu: Nr 9 – 63,37 m OL 2012 i London: Nr 5 – 67,19 m VM 2013 i Moskva: Sølvmedalje – 68,36 m, bakom Robert Harting (69,11 m) EM 2014 i Zürich: Nr 4 - 63,54 m VM 2015 i Beijing: Gullmedalje 67,40 m, framom Philip Milanov (66,90 m) EM 2016 i Amsterdam: Gullmedalje 67,06 m, framom Philip Milanov (65,91 m) OL 2016 i Rio de Janeiro: Sølvmedalje – 67,55 m, bakom Christoph Harting (68,37 m) VM 2017 i London: Nr 5 – 65,24 m EM 2018 i Berlin: Utslått i kvalifiseringa (-) VM 2019 i Doha: Utslått i kvalifiseringa (62,20 m =nr 17) OL i 2021 i Tokyo: Utslått i kvalifiseringa (62,68 m =nr 15)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Piotr Małachowski» frå , den 21. august 2012.

World Athletics

Kategori:Polske diskoskastarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Polen Kategori:Europameistrar i friidrett for Polen Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Polen‎ Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2009 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2010 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2013 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2015 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2016