Elastisitetsgrense er ei grense for eit stoff (plate, stong, tråd) definert i ingeniørvitskap og teoretisk materiallære som grensa der belastninga vil starte å deformere stoffet. Før ein når elastisitetsgrensa vil stoffet deformerast elastisk og gå attende til den opphavlege forma si når belastninga vert fjerna. Når ein har passert elastisitetsgrensa vil ein del av stoffet vere permanent deformert og vil ikkje gå attende til den opphavlege forma.

Kunnskap om elastisitetsgrensa er særs viktig i utforminga av ein komponent, sidan grensa representerer den øvre grensa for kor mykje belastning som kan brukast. Det er òg viktig for kontroll under mange produksjonsteknikkar som smiing, valsing og pressing.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Yield (engineering)» frå , den 21. august 2012.

Kategori:Elastisitet Kategori:Teknikk Kategori:Rommekanikk Kategori:Deformasjon

ar:خضوع (خواص المواد) de:Fließgrenze et:Elastsuspiir es:Fluencia eo:Elasteca limigo fa:تسلیم (مهندسی) fr:Limite d'élasticité it:Tensione di snervamento he:היפותזות חוזק nl:Vloeigrens ja:降伏 (物理) pl:Granica sprężystości pt:Limite de escoamento sv:Sträckgräns uk:Границя пружності zh:降伏强度