Provinsen Samsun (tyrkisk Samsun ili) er ein provins i Tyrkia på kysten av Svartehavet med kring 1,25 millionar innbyggjarar. Naboprovinsane er Sinop i nordvest, Çorum i vest, Amasya i sør, Tokat i søraust og Ordu i aust.
Provinshovudstaden er Samsun, ein av dei største byane i Tyrkia og den største og travlaste hamnebyen ved den tyrkiske svartehavskysten.
Distrikt Provinsen Samsun er delt inn i 17 distrikt og fire av dei er ein del av byen Samsun (vist i utheva skrift).
İlkadım Canik Atakum Tekkeköy Alaçam Asarcık Ayvacık Bafra Çarşamba Havza Kavak Ladik Ondokuzmayıs Salıpazarı Terme Vezirköprü Yakakent
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Samsun Province» frå , den 19. august 2012.
Bakgrunnsstoff Samsun-guvernøren si offisielle side Samsun kommune si offisielle side
*