Edward Witten () er ein jødisk-amerikansk fysikar og matematikar.

Witten har særleg medverka til å setje lys på samspelet mellom fysikk og matematikk. Ved å kombinere intuisjonen sin innanfor fysikk med avanserte matematiske omgrep har han kome fram til nye resultat som igjen har danna grunnlag for bevis konstruert av andre. Bidraga hans til fysikken er særleg basert på kvantefeltteori og har ofte relevans for elementærpartikkelfysikk og kosmologi, medan det innan matematikk ofte dreier seg om omgrep av geometrisk og topologisk natur. Han vert saman med mellom andre J. Schwartz og M. Green rekna som ein av dei fremste på såkalla strengeteori.

Han vart professor ved Institute for Advanced Study i Princeton i USA. Witten har fått mange priser for forskinga si. I 1990 delte han Fieldsmedaljen med V. Jones, V. Drinfeld og S. Mori.

Prisar (utval) 2010 - Lorentzmedaljen 2008 – Crafoordprisen 1990 – Fieldsmedaljen 1985 – Albert Einstein-medaljen

Kjelder Edward Witten. (14.10.2011) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Edward_Witten

Bakgrunnsstoff

Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:USA-amerikanske matematikarar Kategori:Fieldsmedaljen Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Fysikarar på 2000-talet Kategori:Albert Einstein-medaljen Kategori:USA-amerikanske jødar Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Medlemmar av Det franske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det pavelege vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av United States National Academy of Sciences Kategori:Strengteoretikarar Kategori:Teoretiske fysikarar