Diamagnetisme er ein effekt som finst i alle stoff som blir utsett for eit magnetfelt. Diamagnetismen gjer at det oppstår eit motsett retta magnetfelt (proporsjonal med den magnetiske flukstettleiken) internt i materialen, slik at magnetfeltet i materialen blir mindre enn det ville ha vore utan materialen. Det vil sei at materialen «motverkar» magnetfeltet.

Diamagnetisme skuldast dei elektrona som rører seg i orbitalar omkring atoma i materialen. Når desse blir utsett for eit magnetfelt, påverkast dei av ei kraft (Lorenzkraft), som dreier orbitala så rørsla til elektrona dannar eit magnetfelt, som er motsett retta det påtrykte. Dette er ein konsekvens av Lenz-lova.

Sjå òg Paramagnetisme Ferromagnetisme Susceptibilitet Meissner-effekten

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Diamagnetisme» frå , den 15. august 2012.

Kategori:Magnetisme Kategori:Magnetisk levitasjon Kategori:Elektriske og magnetiske felt i stoff Kategori:Faseovergangar