Khabur (arabisk الخابور al-khābūr, hebraisk כבר Kebar, kurdisk Xabûr, gammalsyrisk ܚܒܘܪ ḥābur/khābur, tyrkisk Habur) er den største sideelva til Eufrat i Syria. Sjølv om Khabur spring ut i Tyrkia, er den karstiske kjelda kring Ra's al-'Ayn hovudvasskjelda for elva. Fleire viktige periodiske elvar møter Khabur nord for Al-Hasakah, og dannar i lag det som vert kalla Khaburtriangelet eller Øvre Khabur. Frå nord til sør minkar den årlege nedbørsmengda i Khabur-området frå over 400 mm i året til mindre enn 200 mm, så elva har vore ei viktig vasskjelde for jordbruket i området gjennom historia. Khabur møter Eufrat nær byen Busayrah.
Sideelvar Sideelvane til Khabur er lista frå aust til vest. Dei fleste av desse er periodiske elvar, wadi, som berre fører vatn i delar av året. Wadi Radd Wadi Khnezir Wadi Jarrah Jaghjagh-elva Wadi Khanzir Wadi Avedji
Historie Khabur er åstad for fleire viktige soger i boka til Esekiel i Det gamle testamentet, som i opningsverset: «Det var i det trettiande året, på den femte dagen i den fjerde månaden, medan eg var mellom dei bortførte attmed Kebar-elva, at himmelen opna seg. Eg såg syn av Gud».Esekiel 1,1
Andre referansar til elva i Esekiel er 1:3; 3:15; 3:23; 10:15; 10:20; 10:22; og 43:3.
Ho er òg nemnd i Første Krønikebok 5:26: «Då eggja Israels Gud Tiglat-Pileser mot dei, kongen av Assur, han som dei òg kalla Pul. Han førte dei i eksil, både rubenittane, gadittane og halve Manasse-stammen. Han tok dei til Halah, Habor, Hara og Gosan-elva, og der har dei vore til denne dag.»Første Krønikebok 5:26
Sidan 1930-åra er det gjort mange arkeologiske utgravingar og undersøkingar i Kahburdalen og dei indikerer at det har budd folk her sidan eldre steinalder. Viktige stader som er utgrave er mellom andre Tell Halaf, Tell Brak, Tell Leilan, Tell Mashnaqa, Tell Mozan og Tell Barri. Regionen har gjeve namn til eit særeige målt steintøy funne i Nord-Mesopotamia og Syria tidleg på 1000-talet fvt. Regionen kring Khabur-elva er òg tilknytt starten på kongedømet Mitanni som blømde ca. 1500-1300 fvt.
Khaburdalen i dag Khabur-prosjektet, som starta i 1960-åra, har omfatta bygginga av ei rekkje demningar og kanalar. Tre demningar er bygde i Khaburvassddraget for kunstig vatning. Dette omfattar òg Tabqademninga i Eufrat.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Khabur River» frå , den 12. august 2012. oppgav desse kjeldene:
Andre kjelder
Kategori:Elvar i Tyrkia Kategori:Elvar i Syria Kategori:Internasjonale elvar i Asia Kategori:Eufrat Kategori:Elvar i Bibelen