Küçük Menderes («Vesle Meander» på tyrkisk, i antikken Kayster) er ei elv sør for İzmir i Tyrkia. Ho renn hovusdakleg vestover og munnar ut i Egearhavet ved Pamucakstranda nær Selçuk i İzmir. Den antikke byen Efesos var ein gong ein viktig hamneby ved Kayster, men elva vart gradvis fylt av sediment som stengde inngangen til hamna. Efesos, som tidlegare låg ved kysten, ligg derfor no kring 8 km inn i landet.

Sideelvane hennar er Fertek, Uladı, Ilıca, Değirmen, Aktaş, Rahmanlar, Prinçci, Yuvalı, Ceriközkayası, Eğridere, Birgi, Çevlik og Keles.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Küçük Menderes River» frå , den 11. august 2012.

Kategori:Elvar i Tyrkia