Virgilijus Alekna () er ein diskoskastar og olympisk meister frå Litauen. Alekna har ein personleg rekord på 73,88 meter frå Kaunas i 2000, noko som er det nest lengste diskoskastet i verda nokonsinne. Berre Jürgen Schult frå Aust-Tyskland har kasta lengre.

Karriere

Alekna har også delteke i kulestøyt, men har utmerkt seg størst innan diskos. Han deltok under sommar-OL 1996 i Atlanta, men kom på 5. plass med eit kast på 65,30. Hans fyrste medalje i ei større internasjonal tevling var under VM i friidrett 1997 i Aten, der han tok sølv bak tyskaren Lars Riedel og framfor tyskaren Jürgen Schult. Alekna tok bronse under EM i friidrett i Budapest året etter.

Den fyrste olympiske medaljen han tok var under sommar-OL 2000 i Sydney. Her vart Alekna olympisk meister med eit kast på 69,30, framfor Lars Riedel og Frantz Kruger, frå Sør-Afrika. Alekna tok VM-sølv i Edmonton i 2001, EM-sølv i München i 2002 og vart verdsmeister i Paris i 2003. Her kasta han 69,69.

Under sommar-OL 2004 i Aten gjekk Alekna til topps igjen. Her sette han den framleis gjeldande olympiske rekorden med eit kast på 69,89, nesten to meter framfor sølvvinnaren Zoltán Kővágó frå Ungarn. Aleksander Tammert frå Estland tok bronse. Året etter vart Alekna verdsmeister med eit kast på 70,17 framfor estiske Gerd Kanter og tyske Michael Möllenbeck. Under EM i friidrett 2006 vart Alekna igjen europameister framfor estarane Kanter og Tammert.

Virgilijus Alekna tok også medalje under sommar-OL 2008 i Beijing. Her kasta han 67,79 m. og kom på tredjeplass bak Piotr Małachowski frå Polen og gullvinnaren Gerd Kanter. Under sommar-OL 2012 i London enda han på fjerdeplass med eit kast på 67,38 m.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Virgilijus Alekna» frå , den 10. august 2012.

World Athletics

Kategori:Litauiske diskoskastarar Kategori:Litauiske kulestøytarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Litauen Kategori:Europameistrar i friidrett for Litauen Kategori:Olympiske meistrar for Litauen Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Litauen Kategori:Litauiske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Litauiske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Litauiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Litauiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Litauiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1995 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1997 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1999 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2001 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2003 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2005 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2007 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2009 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2011 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2013 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 1994 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 1998 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2002 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2006 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2010 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2014