Kurd-Dagh (kurdisk Çiyayê Kurmênc; arabisk جبل الأكراد, Jabal al-Akrād; tyrkisk Kurt Dağı), òg kalla Aleppofjellet (arabisk جبل حلب Jabal Ḥalab), er eit fjellområde nordvest i Syria og søraust i Tyrkia. Det ligg i guvernatet Aleppo i Syria og provinsen Kilis i Tyrkia.

Kurd-Dagh er ein del av kalksteinsmassivet nordvest i Syria. Fjellet er eit sørleg framhald av Aleppoplatået frå fjellområda vest på Aintabplatået. Afrindalen går kring Kurd-Dagh får frå aust og sør og skil fjelelt frå sletta Aʻzāz og fjellet Simeon i aust og Harim i sør. Aswaddalen skil Kurd-Dagh frå Amanusfjellet i vest.

Den største byen i fjella er Afrin (Efrîn på kurdisk), i Syria. Området er kjent for olivendyrking og produksjon av trekol. Dei fleste innbyggjarane i Kurd-Dagh er Hanafi-muslimar, medan det meste av dei syriske kurdarane er Shafi'i-muslimar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kurd-Dagh» frå , den 9. august 2012. oppgav desse kjeldene: www.kurdefrin.com http://kcm.co.kr/bethany_eng/p_code/953.html http://www.meib.org/articles/0404_e1.htm

Bakgrunnsstoff www.kurdefrin.com www.tirejafrin.com www.lokmanafrin.com www.afrin.reefnet.gov.sy www.afrin23.com www.efrin.net

Kategori:Fjell i Syria Kategori:Fjell i Tyrkia Kategori:Aleppo guvernement Kategori:provinsen Kilis Kategori:Den syrisk-tyrkiske grensa Kategori:Internasjonale fjell i Asia