Tibor Gécsek () er ein ungarsk, tidlegare friidrettsutøvar frå Szentgotthárd, som tevla i sleggjekast. Han vart europameister i øvinga i 1998 på heimebana Nepstadion i Budapest. Saman med landsmannen Balázs Kiss sikra han dobbeltsiger for Ungarn. Hans personlege rekord på 83,68 meter oppnådde han i Zalaegerszeg nokre veker etter han vart europameister. Gécsek er etnisk slovenar.
Doping Gécsek vart i august 1995 utestengt frå konkurranseidrett etter å ha testa positivt på anabole steroidar.sportsillustrated.cnn.com: «Gécsek missed '96 Games because of steroid suspension» Etter to års utestengjing byrja han å tevle att i september 1997.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1987 i Roma: Nr 7 (77,56 m) OL 1988 i Seoul: Nr 6 (78,36 m) EM 1990 i Split: Sølvmedalje (80,14 m) bakom Igor Astapkovitsj (84,14 m) VM 1991 i Tokyo: Nr 4 (78,98 m) OL 1992 i Barcelona: Nr 4 (77,78 m) VM 1993 i Stuttgart: Bronsemedalje (79,54 m) EM 1994 i Helsingfors: Nr 5 (77,62 m) VM 1995 i Göteborg : Bronsemedalje (80,98 m) EM 1998 i Budapest: Gullmedalje (82,87 m) framom Balázs Kiss (81,26 m) VM 1999 i Sevilla: Nr 4 (78,95 m) OL 2000 i Sydney: Nr 7 (77,70 m) EM 2002 i München: Nr 6 (79,25 m)
Gécsek vart i 1998 kåra til «Årets mannlege idrettsutøvar» i Ungarn.
Notar
Bakgrunnsstoff World Athletics
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tibor Gécsek» frå , den 8. august 2012.
Kategori:Ungarske sleggekastarar Kategori:Europameistrar i sleggekast Kategori:Europameistrar i friidrett for Ungarn Kategori:Ungarske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Ungarske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Ungarske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000