Ziganapasset (tyrkisk Zigana Geçidi) er ein fjellovergang i Dei pontiske fjella i provinsen Gümüşhane nær grensa til provinsen Trabzon nordaust i Tyrkia. Passet ligg 2032 meter over havet langs D-885 og Europaveg 97, 60 km frå Gümüşhane og 120 km frå Trabzon ved kysten av Svartehavet. Passet er dekt av snø fem månader av året.

Ziganatunnelen under passet, 1795 meter over havet, er 1702 meter lang og er ein av dei lengste tunnelane i landet.

Landsbyen Zigana, ligg 3,5 km sørvest for tunnelen og er eit populært skiområde.

25. januar 2009 tok eit snøras livet av 11 turgåarar ved Ziganafjellet.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Zigana Pass» frå , den 7. august 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Fjellovergangar i Tyrkia Kategori:Provinsen Gümüşhane