Belgradskogen (tyrkisk Belgrad Ormanı) er ein blanda lauvskog om lag 15 km nordvest for Istanbul i Tyrkia. Geografisk er skogen det austlegaste punktet på Den thrakiske halvøya. Skogen er delt mellom distrikta Sarıyer og Eyüp. Fleire historiske reservoar ligg i skogen. Med ein region på kring 5500 hektar har skogen mange planter, fuglar og dyr. Den mest vanlege tresorten er vintereik. Belgradskogen er verna og er eit av dei mest vitja fritidsområda kring Istanbul. Skogen er kalla opp etter dei tusenvis av serbarane som vart tekne til fange i omleiringa av Beograd og førte til Istanbul.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Belgrad Forest» frå , den 5. august 2012.
Kategori:Skogar i Tyrkia Kategori:Geografi i Istanbul