Vallåkra er ein tettstad i Helsingborgs kommun i Skåne län i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 594 innbyggjarar.

Området kring Vallåkra er dominert av dalføret til Råån, som i lange strekk skjer seg 25–30 meter ned i jordbruksmarken. To bekkar renn ut i Råån ved Vallåkra, Fjärestadsbäcken i nord og Härslövsån eller Hålabäcken i sør, begge desse har skore ned djupe ravinedaler. Rååndalen er verna som naturreservat av Helsingborgs kommune.

Ved Vallåkra finn ein òg ein av dei få funnlokalitetane i Nord-Europa for dinosaurspor. Fotspora blei funne i 1970. Spora kjem frå ein flokk av rovdinosauren dilophosaurus, og måler opptil 30 cm i lengde.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Vallåkra» frå , den 4. august 2012.

Helsingborgs lokalhistoriska förening (2006), Helsingborgs stadslexikon. Helsingborg: Helsingborgs lokalhistoriska förening. ISBN 91-631-8878-3

Kategori:Helsingborgs kommun Kategori:tettstader i Skåne län