Close to the Edge er det femte albumet til det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i september 1972. Albumet består av tre lange komposisjonar, der dei to første er inndelt i fleire satsar med eigne titlar. Albumet er nærast ein definisjon av omgrepet progrock.

Albumet kom på tredjeplass på Billboard 200 i USA, og på fjerdeplass plass på UK Albums Chart i Storbritannia.UK Albums Chart: Yes – Close to the Edge

Bakgrunn

Bandet nyttar her den episke komposisjonsstilen til den ytste grensa si (bokstaveleg talt «close to the edge»), og Yes presenterer her det som blir rekna som dei største kreative høgdepunkta deira. Tekstene er i følgje Jon Anderson inspirert av Herman Hesse-boka Siddhartha, og er sterkt prega av mystikk og andelegheit. «And You And I» og «Siberian Khatru» har sidan utgjevinga vorte spelt på nærast alle av konsertane sine.Liste over alle konsertar med Yes på ForgottenYesterdays.com

Straks etter at albumet var ferdig innspelt sommaren 1972, avgjorde Bill Bruford å forlate bandet. Alan White vart raskt vald som erstattaren til Bruford. White spelar ikkje på albumet, men måtte lære seg det i løpet av tre dagar – før den neste turneen til bandet starta. Bruford tilbaud seg å bli med på dei første konsertane for å «lære opp» Alan White, men White og resten av bandet takka høfleg nei, og det var berre White som spelte trommer på den påfølgjande turneen.

Mottaking I Q & Mojo Classic Special Edition Pink Floyd & The Story of Prog Rock, hamna albumet på tredjeplassen på lista «40 Cosmic Rock Albums».Q Classic: Pink Floyd & The Story of Prog Rock, 2005. Albumet er òg omtalt i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die. Progarchives.com kåra albumet til det beste progrockalbumet gjennom tidene i 2006. Guitar World rangerte albumet på 67. plass på lista deira over dei 100 beste gitar albuma gjennom tidene.

Sporliste

Medverkande Jon Anderson – vokal Chris Squire – bass, vokal Steve Howe – gitarar, vokal Rick Wakeman – piano, Mellotron, Hammondorgel, kirkeorgel, cembalo og Moog synthesizer Bill Bruford – trommer, perkusjon

Produksjon Yes – produsent Eddy Offord – lydteknikar, produsent Mike Dunne – lydband Roger Dean – plateomslag, fotografi Martin Adelman – fotografi Brian Lane – koordinator

Salslister Liste Plassering

Salstrofé

Bakgrunnsstoff Yhwh.com – Tekstanalyse Yesworld.com – Musikkanalyse

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Close to the Edge» frå , den 28. juli 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Yes-album Kategori:Plateomslag av Roger Dean Kategori:Musikkalbum frå 1972 Kategori:Album produserte av Eddie Offord Kategori:Atlantic Records-album 445