mini|Døme på blekkslagararbeid på eit hushjørne. mini|Forma blekk er nytta som veggmateriale i tunnelbana i Praha.
Blekkslagar er nemninga for ein handverkar som har som yrke å lage og montere takplater, takrenner og nedløp, veggplater, ventilasjonsutstyr og andre detaljar av blekk (tynne metallplater) på og i bygningar. Blekkslagaren skal kunne arbeide med mange typar metallblekk, som til dømes galvaniserte jarnplater, koparplater og aluminiumsplater, som truleg er blant dei mest vanlege materiala.
Blekkslagararbeidet kan gå føre seg både i ein eigen verkstad, og ute og inne på dei bygningane der moteringa skal gjerast. Ofte er mykje av arbeidet unnagjort på førehand i verkstaden, slik at det deretter berre er å montere dei stort sett ferdig tillagde objekta på rette plassen.
Bakgrunnsstoff Om blekkslagar og utdanninga i faget
Kategori:Handverksyrke