Chaldron er ei gammal engelsk måleining for volum og tyder kjele eller tønne på engelsk. Eininga vart nytta for å måle kol, kalkstein og liknande, og storleiken varierte noko frå stad til stad. Vanlegvis er 1 chaldron lik 32 bushels som er 1164 liter.

Chaldron vert òg nytta som måleining for masse for kol og er då lik 23 hundredweight (cwt) eller kring 1219 kg.

I Skottland blir eininga kalla chalder og er ofte langt større, opp mot 96 bushels.

Kjelder

Kategori:Måleiningar for masse Kategori:Måleiningar for volum Kategori:Britisk standard Kategori:Kol Kategori:Engelske ord og uttrykk