Zerynthia rumina er ein dagaktiv sommarfugl i svalestjertfamilien. Utsjånad

Kroppen har eit ytre skjelett (hudplater) som held dei mjuke indre organa på plass. Det ytre hudskjelettet er for det meste bygd opp av kitin.

Dei indre organa i bakkroppen er meltingsorgan, kjønnsorgan og andredrett. Andedretten hos sommarfuglar foregår ikkje med lunger, men ved at luft hentast inn og ut av kroppen gjennom små hol i hudskjelettet (spiraklar). I kroppen er der eit svært finmaska system av trakéar som leiar oksygen til kroppen sine vitale delar. Ei blodvæske som sirkulerar i kroppen vert pumpa rundt av eit avlangt røyrforma hjarte. Ein stor del av brystpartiet er vengene sin muskulatur. Sanseorgan for syn, smak og lukt er stort sett plassert i hovudet. Nervesystemet er sett saman av ein bukmarg med to nervestrengar og ein nerveknute (ganglion) i kvart kroppssegment. Den fyrste nerveknuten, som ligg framfor munnopninga, er særskilt stor og vert kalla hjernen.

Utbreiing Zerynthia rumina finst sørvest i den palearktiske regionen, på nesten heile Den iberiske halvøya, sør i Frankrike, vest i Italia og nord i Atlasfjella aust til Tunisia. Arten lever i dei fleste biotopar, men er truleg vanlegast i kystnære fjellområde. Han finst i høgder opp til 2100 moh., avhengig av område.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Zerynthia rumina» frå , den 23. juli 2012. Delar av denne artikkelen bygger på «Spansk hålrotsfjäril» frå , den 9. desember 2012.

Bakgrunnsstoff

Bilete og skildring ved eurobutterflies.com Bilete og skildring ved tolweb.org Bilete ved lepidoptera.pl Bilete ved leps.it

Kategori:Sommarfuglar