Aythya er ei biologisk slekt med dukkender i andefamilien. __TOC__ Skildring Fuglane i denne slekta lever i ferskvatn eller i estuar, men nokre som til dømes bergand (Aythya marila) flytter over til marine miljø om vinteren. Dei skaffar seg føde først og fremst ved dukking. Dei er gode flygarar og har raskare vengeslag enn mange andre ender når dei slår med dei breie, butte vengene sine. Populasjonar som hekkar i nord er ofte flyttfuglar medan dei sørlege hekkeartane tenderer til å vere standfuglar. Australdukkand (Aythya australis) flyttar uregelbunden over lange strekk for å komme bort frå kraftig regnvêr. Artane i slekta rører seg klønete på land ettersom beina er plassert langt bak på kroppen, denne beinplasseringa gjer dei til gode symjarar.
Hybridisering, det vil si at ulike artar får avkom saman, førekjem blant dukkender. Det kan skje i eit område der den eine arten er langt meir uvanleg enn den andre arten. Eit døme er avkom frå bergand og toppand.Svensson, Lars et al (1999). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 82-05-25554-7.
Artslista Aythya i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. Kanvasand, Aythya valisineria Koparhovudand, Aythya americana Taffeland, Aythya ferina Ringand, Aythya collaris Kvitaugeand, Aythya nyroca Alaotraand, Aythya innotata Amurand, Aythya baeri Australdukkand, Aythya australis Toppand, Aythya fuligula Maoridukkand, Aythya novaeseelandiae Bergand, Aythya marila Purpurhovudand, Aythya affinis
Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Aythya» frå , den 20. juli 2012
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Andefamilien Kategori:Fugleslekter