Thomas Eriksson () er ein svensk, tidlegare langrennsløpar frå Borlänge, som vart verdsmeister på 30 km under ski-VM 1982 i Oslo. Han tevla for Domnarvets IF.
Eriksson vann eit svært overraskande VM-gull på opningsdistansen under verdsmeisterskapen på ski i Oslo i 1982. Med tida 1.21.52,3 slo han den norske sølvvinnaren Lars Erik Eriksen med 21,6 sekundar. Denne sigeren var også hans fyrste verdscupsiger, den andre og siste kom i desember 1986 på ein 30 km i Davos.
I sesongane 1981 og 1982 vann Eriksson tre svenske meisterskap.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap Vinter-OL 1980 i Lake Placid: Nr 11 på 15 km Ski-VM 1982 i Oslo: Gullmedalje på 30 km Ski-VM 1985 i Seefeld: Bronsemedalje på 4 x 10 km stafett Ski-VM 1987 i Oberstdorf: Nr 11 på 30 km Ski-VM 1989 i Lahti: Nr 5 på 15 km klassisk stil og nr 9 på 15 km fristil Ski-VM 1991 i Val di Fiemme: Nr 7 på 10 km og sølvmedalje på 4 x 10 km stafett Ski-VM 1993 i Falun: Nr 27 på 25 km jakstart
Gullmedaljar i svenske meisterskap 1981: 15 km og 50 km 1982: 50 km
Bakgrunnnstoff FIS-biografi Erikssons profil på Sports-reference.com
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Thomas Eriksson (Skilangläufer)» frå , den 17. juli 2012.
Kategori:Svenske langrennsløparar Kategori:Verdsmeistrar i langrenn Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1980