Anders Gunde Svan () er ein svensk, tidlegare langrennsløpar frå Järna församling i Vansbro kommun i Dalarna. Han vann fire gullmedaljar, ein sølvmedalje og ein bronsemedalje i to vinter-OL, samt sju gull, tre sølv og ein bronse i fire ulike verdsmeisterskap på ski.
Svan vann i løpet av 1980-åra verdscupen fem gongar. Han gjekk til topp i 30 enkeltrenn. Mellom 1984 og 1991 vart han 16 gongar svensk meister, fire av SM-gulla kom i stafett for Dala-Järna, alle fire saman med Svenn-Erik Danielsson, medan Erik Östlund og Lars Håland begge var med på to triumfar.
Svan vart tildelt Svenska Dagbladets gullmedalje i 1984, året etter fekk han Holmenkollmedaljen.
Frå 2007 til 2009 var Gunde Svan sjef for det svenske landslaget i langrenn.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gunde Svan» frå , den 17. juli 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Svenske langrennsløparar Kategori:Verdsmeistrar i langrenn Kategori:Olympiske medaljevinnarar i langrenn Kategori:Olympiske meistrar for Sverige Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sverige Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sverige Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1984 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1984 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1988 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1988 Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen