THRAK er det ellevte studioalbumet av bandet King Crimson, utgjeve i 1995. Det kom ut etter minialbumet Vrooom frå året før.
Innspeling Dette albumet vart spelt inn i det «doble trio»-formatet til King Crimson. Bandet hadde to gitaristar, to bassistar og to trommeslagarar, og opningssporet byrjar med alle seks i sentrum av miksen. Etter kvart som sporet held fram vert dei splitta i to trioar (gitar, bass og trommer) der tre går til venstre kanal og tre går til den høgre.
Utgjeving Albumet kom ut 3. april 1995 og nådde 58. plassen på UK Albums Chart, som det siste albumet deira som nådde lista. Albumet kom først ut på CD i 1995 og ei ommastra utgåve kom ut i 2002. Ein ny 5.1-kringlyd-miks av Jakko Jakszyk kom ut på CD/DVD-A. Det vart gjeve ut på ny i oktober 2015 i ein ny miks av Jakszyk og Robert Fripp for 40-årsjubileumserien som eige album og som ein del av ei ny plateboks THRAK.
Mottaking
Trouser Press skildra det som «eit absolutt monster, ein intellektuell sekstett med sin presist kontrollerte rockeenergi.»
Innhald
20-årsjubileumsutgåva frå 2015
Medverkande King Crimson Robert Fripp – gitar, mellotron, lydlandskap, vokal, produsent Adrian Belew – gitar, solovokal, produsent Tony Levin – bass, elektrisk kontrabass, funk fingers, korvokal, produsent Trey Gunn – Chapman Stick, Warr-gitar, korvokal, produsent Bill Bruford – trommer, produsent Pat Mastelotto – perkusjon, produsent
Teknisk
David Bottrill – produsent
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Thrak» frå , den 16. juli 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Elephant Talk Wiki Home
Kategori:Musikkalbum frå 1995 Kategori:King Crimson-album Kategori:Album produserte av David Bottrill