Vollen er ein tettbygd stad sør i Asker kommune i Akershus. Staden var i tidlegare tider eit senter for båtbygging, med tre store skipsverft på slutten av 1800-talet. Mellom anna Roald Amundsens polarskip «Maud» vart bygd her.
I Vollen ligg mellom anna Oslofjordmuseet.
Kjende personar som bur eller budde i Vollen Jens Evensen – Dommar, politikar og høgsterettsadvokat Øivind S. Jorfald – Biletkunstnar Geir Børresen – Skodespelar, særleg kjend frå norsk barne-TV på 1970-, 80-, og 90-talet Åsne Havnelid - Generalsekretær i Norges Røde Kors
Kategori:Geografi i Asker