Köping er ein svensk by som ligg i Västmanlands län i Västmanland. Han er administrasjonssenter i Köpings kommun. I 2023 hadde byen 18 600 innbyggjarar.

Historie mini|venstre|Köping kring 1700.

Staden har vore folkesett langt tilbake, noko som mellomanna går fram av båtgravfeltet frå vikingatida ved Norsa. Det har vore ein gammal handelstad ved Köping som er nemnd for fyrste gongen i ei kunngjering frå 1257, då det blei halde eit bispemøte på staden. Sjølve Köping er kjend frå 1349, då sigillen til byen blei vist til i eit brev. Köping fekk bystatus 19. januar 1474 av Sten Sture den eldre.

Næringsliv Köping har den nest største innsjøhamna i Sverige, og er eit regionalt sentrum. Det finst også betydeleg industri her gjennom Volvo og Yara. Hästens lager eksklusive senger som blir eksporterte til heile verda. Denne verksemda har hovudkontor i Köping. Sengeprodusenten Lectus har òg tilverknad og base i Köping. Sentrallageret til Tibnor, som er den ledande distributøren av stål og metall i Norden, ligg i Köping.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Köping» frå , den 3. juli 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:tettstader i Västmanlands län Kategori:Köpings kommun Kategori:Byar i Sverige