mini|Marknaden i Kivik. Kivik (dansk: Kivig) er ein tettstad i Simrishamns kommun i Skåne län i Sverige. I 2020 hadde tettstaden 885 innbyggjarar.

Kivik er opphavleg eit fiskevær, der hovudnæringa i dag er fiske og turisme.

Kivik er i dag mest kjend for sine ulike marknader, mellom anna Kiviks marknad og Äppelmarknaden i Kivik, og har dei siste åra blitt utvikla til eit eksklusivt feriemål. Kivik er det sentrale staden for epledyrkinga i området. Kiviks musteri driv produksjon av eplemost i Karakås.

Kivik er spesielt kjend for ei gravrøys frå bronsealderen, den 3000 år gamle «kungagraven». Det er det største gravminnet i sitt slag i Sverige, med 75 meter i diameter.

Kivik blei municipalsamhälle i 1890. Seinare blei Kivik administrasjonssenter i den tidlegare Kivik kommun, som i dag inngår i Simrishamns kommune.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kivik» frå , den 3. juli 2012.

Kategori:Simrishamns kommun Kategori:tettstader i Skåne län Kategori:Øresundsregionen