Järpliden er ei bygd i Södra Finnskoga församling og i Torsby kommun i Värmlands län. Bygda har ca. 30 fastbuande innbyggjarar. For eit hundreår sidan var dette ein av dei største tettstadene i det nordlege Värmland, men i takt med rasjonalisering av skogbruk har innbyggjartalet falle. Det var òg fleire forretningar her, og skule, post og idrettsplass. Järpliden er mest kjend for Carl Jularbo sitt besøk her på byrjinga av 1900-talet. Nokre av dei mest kjende melodiane hans, som «Livet i Finnskogarna» og «Drömmen om Elin», blei til etter hans besøk her. Siste helg i juli kvart anna år blir Jularbofestivalen arrangert her.
Kjende personar frå Järpliden Berit Högman
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Järpliden» frå , den 2. juli 2012.
Kategori:tettstader i Värmlands län