Europaveg 8 (E8) er ein europaveg som går frå Tromsø til Åbo (finsk Turku) i Finland. Mellom Nordkjosbotn og Skibotn delar han trasé med europaveg 6. I Finland følgjer han i hovudsak grensa til Sverige ned til Bottenvika. Vegen har ei lengd i Noreg (utanom felles trasé med E6) på 117,9 km.
Trasé fastlagt av UNECE: Tromsø–Nordkjosbotn–Skibotn–Kilpisjärvi–Torneå–Uleåborg–Vasa–Åbo.
Historikk Namnet E78 vart innført 1. juni 1965 for strekninga Tromsø - Kilpisjärvi - Torneå. UNECE avgjorde i 1983 å reformere systemet. E78 skulle få nummeret E08 og E6 skulle få nummeret E47. Det tok nokre år med forhandlingar om E6 og først 1992 vart det nye systemet innført i Noreg der E8 gjekk (Tromsø–Kilpisjärvi–Torneå). E8 vart forlenga frå Torneå til Åbo i 2002. Før 1985 gjekk E8 frå London via Hoek van Holland–Hannover–Berlin til Brest i Kviterussland.
Knutepunkt
mini|Tromsøysundet, Tromsø. E8 passerer under brua i forgrunnen. mini|Nordkjosbotn frå aust under Nordkjosmessa 2007. mini|Grensestein på grensa mellom Noreg og Finland. mini|Riksveg 21 ved Kilpisjärvi.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Europavei 8» frå , den 22. mai 2010. oppgav desse kjeldene: FENNIA Kartverk över Finland, Lantmäteristyrelsen og Weilin+Göös 1979. ISBN 951-35-1955-4 GT SUOMI - FINLAND Vägatlas, Genimap Oy, Vantaa Finland 2005. ISBN 951-593-944-5 Suomi - Finland Stadsatlas, Genimap Oy, Vantaa 2003. ISBN 951-593-874-0 Grunnkart (Kartplatsen, Lantmäteriverket) Svenska ortnamn i Finland
sjå òg Europaveg 8 i Noreg Europaveg 8 i Finland
Bakgrunnsstoff
Kategori:Europavegar Kategori:Vegar i Troms Kategori:Vegar i Finland