mini|høgre|Nordsten radsåmaskin. Her ser ein at sålabbane er plasserte i to rekkjer. Såmaskin er ein jordbruksreiskap nytta for å så frø til ulike vekstar i åker. Tidlegare var det vanleg med berbare såmaskinar og såmaskinar trekte av hestar. Moderne såmaskinar er monterte på trepunktsopphenget på ein traktor, eller slepa etter ein traktor. Mange såmaskinar kan òg plassera kunstgjødsel i høveleg avstand frå frøa. Dette sparar ein arbeidsoperasjon og at jorda ikkje vert så samanpakka.
Oppbygging
Bærbar såmaskin mini|Berbar såmaskin. På små bruk vart det ofte nytta berbare såmaskinar som eit alternativ til å kasta korn eller grasfrø utover for hand. Maskinane hadde eit roterande hjul med skovlar, som vart drive med ei sveiv, som kasta frøet utover. Frøet vart oppbevart i ein lerretspose som hang i ei reim over skuldene.
Arbeidsbreidda vart påverka av fort sveiva vart dreia rundt. Kor tjukt det vart sådd vart bestemt både av kor fort sveiva vart dreia og kor fort såaren gjekk. Denne såmaskintypen fungerte best når det var vindstilt. For at fuglane ikkje skulle stikka av med frøet vart det horva ned straks etter at det var sådd.
Radsåmaskin Radsåmaskinar har fleire sålabbar på sida av kvarandre, som grev ei grunn fure, legg frø ned i fura og grev ho att. Avstanden mellom sålabbane er rundt 10 cm og for å få plass er dei som oftast plasserte i to rekker, etter kvarandre. Sålabbane er utstyrte med små plogliknade skjer, som grev fura der frøa vert plasserte. På toppen av maskinen er det ein behaldar for frøet, såkassen, som vert ført ned til sålabbane via røyr. Desse munnar ut i bakkant av skjera som grev fura. For å halda sådjupna konstant er sjølv trepunktsmonterte såmaskinar utstyrte med støttehjul.
Kornet/frøet vert mata ut frå såkassen til røyra ned til labbane av matarar (ofte grove tannhjul)Bell, B, Farm machinery, 4. utg., Farming Press, 1996. Dei fleste såmaskinane har jamn utmatingfart, så frøa vert liggande i ein avstand på berre nokre mm etter kvarandre. Dette fører til at røtene veks utover, noko som kan gje dårleg feste. Nokre produsentar har difor teke til å mata frø sekvensielt, slik at plantene i naborader vert ståande i sikksakkT.H. Fladby, .
Enkeltfråsåmaskin mini|høgre|Enkletfrøsåmaskin. Nokre såmaskinar er i stand til å plassera einskilde frø i jorda. Denne typen vert nytta til vekstar som treng å ha avstand til naboplantene. Forutan å spara frø treng ein ikkje å tynna plantene når berre sår dei frøa som skal veksa seg til planter. Slike planter veks som oftast i renner. Sålabbane har difor mykje større avstand enn på radsåmaskinar for korn og grasfrø. Mange enkeltfrøsåmaskinar har separate såkassar for kvar sålabb.
Historie Dei fyrste såmaskinane var berre eit røyr som frøa vart slept ned gjennom og vart laga av sumerane for rundt 3500 år sidan. På 100-talet f.Kr. laga kinesarane såmaskinar med fleire røyrR. Temple, The Genius of China: 3,000 Years of Science, Discovery, and Invention, rev. utg., Inner Traditions, 2007.. Den fyrste kjende europeiske såmaskina vart laga av av venetianaren Camillo Torello i 1566. I 1701 laga gardbrukaren Jethro Tull i Berkshire i Storbritannia ei såmaskin av orgelpiper. Rundt 1720 eksperimenterte Christopher Polhem med ein såmaskin og på 1740-talet bygde Daniel af Thunberg ein maskin. I 1783 bygde James Cook ein seks-rads såmaskin. Denne maskinen fekk stor betydning for den vidare utviklinga. Det fyrste kjende patentet på ein såmaskin vert teke ut av Eliakim i 1799Smith, H.P., Farm machinery and equipment, McGraw-Hill, 1955.. Frå midten av 1850-talet vart såmaskinar produserte i større skalaHalberstad, A., Plows & planting implements, MBI Publ. Comp., 1997.. Garrett & Sons i Storbritannia var ein av dei mest kjende produsentane. På 1950-talet tok Överrums bruk og Ystads mekaniska verkstad i Sverige til å produsera såmaskinar.
Galleri
Referansar
Kategori:Hestereiskapar Kategori:Planting og såing