Partille kommune ligg i det svenske lenet (fylket) Västra Götaland, i landskapet Västergötland. Administrasjonssenteret i kommunen ligg i Partille.
Kommunen grensar i vest og nord til Göteborgs kommun, i aust til Lerums kommun og i sør til Härryda kommun, og er hovudsakleg å rekne som ein forstadskommune til Gøteborg. Meir enn tre firepartar av dei yrkesaktive er dagpendlarar ut av kommunen, og flesteparten av dei har arbeidsplassen sin i Gøteborg.
Samferdsle Gjennom kommunen går i aust-vestleg lei både motorvegen Europaveg 20 på strekninga mellom Gøteborg og Stockholm og jarnbanelina Västra stambanan, som er den sterkt trafikkerte hovudjarnbanelina mellom Gøteborg og Stockholm.
Kommunenamnet
Namnet Partille kan truleg kome av mellomalderordet parthaella, som tyder «den kløyvde bergflata» eller «passet mellom berga».
mini|Partille kyrkje med stopulen (det frittståande klokketårnet) som er avbilda i kommunevåpenet. mini|Vatnet Kåsjön i Partille er både drikkevasskjelda for kommunen og eit populært badevatn med sandstrand og stupetårn.
Tettstader Partille kommune har fire tettstader. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.
# Tettstad Innbyggjarar 1. Partille 28 648 2. Öjersjö 2 739 3. Jonsered 928 4. Kåhög 825
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Partille kommune» frå , den 26. juni 2012.
Bakgrunnsstoff Partille kommune
Kategori:Kommunar i Västra Götalands län