Piggtinden er eit fjell i den sørlege delen av Lyngsalpan i Troms. Det er 1505 moh. og er grensepunkt mellom kommunane Balsfjord, Tromsø og Storfjord. Med ein karakteristisk pyramideform er Piggtinden ein av dei mest kjende fjelltoppane i fylket.
Piggtinden er ein vanskeleg topp for fjellklatrarar. Den første vinterklatringa var ikkje før i 1971. Piggtinden er også kjent frå Peter Wessel Zapffe si forteljing, «Fire korstog til Piggtind», i boka Barske Glæder, der han fortel om dei fire forsøka sine på å nå toppen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Piggtinden» frå , den 23. juni 2012.
Bakgrunnsstoff «Et (av mange) korstog til Piggtind», frå turliv.no
Kategori:Fjell i Balsfjord Kategori:Fjell i Tromsø Kategori:Geografi i Storfjord Kategori:Lyngsalpan