280px|miniatyr|Ölandsbron kryssar Kalmarsund. Kalmarsund er eit sund i Austersjøen mellom den svenske øya Öland og landskapet Småland på det svenske fastlandet. Sundet er omkring 130 km langt og mellom 5 og 25 km breitt.

Det går ei bru over sundet, Ölandsbron.

Namnet Det eldste belegget for namnet er frå 1000-talet. Ein finn det òg på den sødermannlandske runesteinen Sö 333, som nemner at nokon vart drepen i Kalmarna sundum. «Kalmarsund» blir rekna å vere sekundært til stadnamnet Kalmarnar, no Kalmar, som i sin tur kjem frå det søraustsvenske dialektordet kalm som tyder 'steinrøys' eller 'steinsamling'.

Førhistorie Området kring Kalmarsund har vore busett sidan steinalderen og bronsealderen;Thomas B. Larsson, The Bronze Age Metalwork in Southern Sverige, 1986, University of Umeå, Dept of Archaeology, 200 pages ISBN 91-7174-229-8 i tillegg har folk frå mellomsteinalderen kryssa sundet på ei isbru i tidleg holocen då isbreane byrja å trekkje seg attende frå Öland. Alby er ein av stadane ein har funne spor etter ein busetnad frå tidleg i mellomsteinalderen, då folk kryssa Kalmarsund kring 6000 fvt. Dette er ein av dei eldste kjende mellomsteinalderlandsbyane i Nord-Europa.C.Michael Hogan (2007) Alby Mesolithic Village, The Megalithic Portal, red. Andy Burnham

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kalmar Strait» frå , den 22. juni 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Sund i Sverige Kategori:Austersjøen Kategori:Kalmar län