Antarktispetrell, Thalassoica antarctica, er ein petrell i stormfuglfamilien som lever ved kystar og til havs, sirkumpolart nær eller på kysten av Antarktika, hekkar òg opptil 250 kilometer inne på kontinentet. Han er særs talrik med meir enn 10 millionar fuglar, og er mest vanleg i Rosshavet. Antarktispetrell er monotypisk i slekta Thalassoica, og ein medlem av den naturlege gruppa havhestar.
Denne arten har mørkebrunt hovud, rygg og frampart av overvenger og har eit mørkt endeband på en elles kvit hale. Undersida er kvit. Dette er ein kraftig bygd, mellomstor sjøfugl, ca. 45 cm i kroppslengd og 650 gram i kroppsmasse.Heather og Robertson, 2005
Dei plukkar føda frå havoverflata, først og fremst kril, blekksprut og småfisk.
Hekkekoloniane ligg på småøyar ved kysten i isfrie område, og inkluderer òg Shackleton Range og Theronfjella. Egglegging skjer i perioden slutten av november til første dagar av desember, tida frå egglegging til ungen er flygedyktig er ca. 3 månader.
Verdspopulasjonen var estimert til mellom 10 og 20 millionar individ i 2004, og er stabil.BirdLife International 2012 Av dette finst ca. 7,8 millionar innanfor Ross Dependency.
Kjelder
Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005 BirdLife International (2012) Species factsheet: Thalassoica antarctica . Henta frå http://www.birdlife.org den 19. juni 2012.
Referansar
Bakgrunnsstoff Videoar, bilete og lydopptak av antarktispetrellar hos Internet Bird Collection
Kategori:Stormfuglfamilien