Thomas George Montgomerie () var ein britisk landmålar som tok del i kartlegginga av India i 1850-åra.
På Karakoram nummererte han dei mest markante toppane han såg og gav dei eit nummer med prefikset K (for «Karakoram»). Verdas nest høgste fjell, K2, er det einaste som framleis har det som opphavleg var tenkt som provisoriske namn. Til dømes har fjellet han gav nummeret K1 fått attende lokalbefolkninga sitt namn, Masherbrum. Sjølv om Montgomerie sine målingar var gjort med temmeleg enkle middel og til dels frå lang avstand, er høgdene han rekna seg fram til ganske overeinsstemmande med seinare målingar.
Etter å ha målt opp India fortsette han det same arbeidet i Tibet. Sidan Tibet ikkje var del av Det britiske imperiet og sperra for utlendingar, fekk han gjennomført arbeidet ved å utdanne indarar som kledde seg ut som tibetananar.
Biografi T. G. Montgomerie, A Havildar's Journey through Chitral to Faizabad in 1870, Journal of the Royal Geographical Society of London. nr. 42, 1872, ss. 180-201
Kategori:Britiske landmålarar Kategori:Folk frå Ayrshire Kategori:Militære i Britisk India