Segersjön er ein liten innsjø mellom busetnadane Uttran og Segersjö i Botkyrka kommun. Innsjøen er grunn, og er omgitt av grasplenar og bustadeigedomar. Innsjøen vert nytta til bading, og på Segersjösiden av innsjøen er det ei lita sandstrand med grillplass og brygge.
Natur I innsjøen er det hornblad og gul og kvit nykkerose. Det veks òg enkelte andre sjøplanter her, men i mindre utstrekning. Av fisk er det mellom anna gjedde og mort i innsjøen.
Kultur Ved Segersjön vart mange av dei tidlegaste einebustadane i Uttran sett opp, mellom anna budde skulptøren og løytnanten John Runer i den såkalla Rungarden mellom 1909 og 1945. Andre kjente hus frå Uttrans opphavlege busetnad er Larsbo, Skogsbergs og Tornvillan.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Segersjön» frå , den 16. juni 2012. oppgav desse kjeldene: Andersson, Britt: Möten med Uttran, Botkyrka kultur-fritid, Tumba 1991. ISBN 91-87440-06-7. Libris 7764770. «Segersjön». Miljödatabasen. Henta 9 mai 2011.
Kategori:Innsjøar i Södermanland