Fosen er ein region og eit tidlegare futedøme i Trøndelag som omfattar dei ytste kommunane på båe sidene av Trondheimsfjorden og heile Fosenhalvøya. Fosen utgjorde i høgmellomalderen den nordlege halvparten av Norðmǿrafylki, men vart seinare delt av som eige futedøme under namnet Fosens fogderi.
Språk Dei fleste stadene i Fosen snakkar folk fosendialekt, som saman med dialekten i Ytre Namdalen og nordmørsdialekten utgjer dei uttrøndske dialektane. Unnatak frå denne hovudregelen er først og fremst Hemne, der ein i det meste av kommunen talar nordmørsdialekt, og Rissa og dei søraustlegaste delane av Snillfjord og Hemne kommunar, der ein talar overgangsmål til inntrøndske dialektar.
Nyare regionsinndeling
Fosenregionen I dei seinare åra har dei av kommunane på Fosen som ligg på Fosenhalvøya inngått eit regionalt kommunesamarbeid med to kommunar på Innherad og definerer seg som regionen Fosen.
Sør-Fosen-regionen
Regionen Sør-Fosen omfattar Frøya, Hitra, Snillfjord (...)
Orkdalsregionen Til Orkdalsregionen blir, saman med Meldal, Orkdal og Skaun, fosenkommunane Agdenes, Hemne og Snillfjord medrekna.orkdalsregionen.no
Sjå òg Fosenhalvøya Regionen Fosen
Referansar
Kategori:Midt-Noreg Kategori:Sør-Trøndelag fylke Kategori:Landskap i Noreg