Kärrsjön er to innsjøar ved sidan av kvarandre, på Södertörn i Stockholms län, og i landskapet Södermanland, i Sverige. Den nordlege Kärrsjön (svensk Norra Kärrsjön) ligg på grensa mellom kommunane Botkyrka og Huddinge, den sørlege Kärrsjön (svensk Södra Kärrsjön) ligg kring to kilometer lenger sør, i Haninge kommun.
Den nordlege innsjøen ligg i Tyresån-vassdraget, medan den sørlege har drenering mot Stormossen og innsjøen Getaren. Begge blir passert av Sörmlandsleden, og det går her ein trepromenade mellom begge innsjøane. Næraste knutepunkt langs Sörmlandsleden er i vest Lida friluftsgard, i aust torpet Paradiset, i nordvest Flemingsbergs stasjon (Stockholm Sør) og Huddinge Station.
Ved den sørlege Kärrsjøen, og dessutan i Bockån fire kilometer lenger vest, lever det bever. Sjølv om synet av bever ikkje er vanleg, kan ein finne spor av dei i form av mengder av felte tre, og då spesielt ved Bockån og ved sørlege Kärrsjön.
Bakgrunnsstoff Kärrsjön Tyresåns vattenvårdsförbund Kärrsjön Huddinge naturguide
Kategori:Innsjøar i Haninge kommun Kategori:Botkyrka kommun Kategori:Huddinge kommun