Jamie Muir (fødd i Edinburgh i Skottland) er ein skotsk målar og tidlegare perkusjonist, mest kjend for arbeidet sitt med King Crimson.
Muir gjekk på Edinburgh College of Art i 1960-åra og byrja å spele jazz på trombone før han slo seg ned med perkusjon.
Etter han flytte til London arbeidde Muir med koreografen Lindsay Kemp, og var aktiv i fri improvisasjon, mellom anna i lag med Derek Bailey og Evan Parker i Music Improvisation Company frå 1968–1971. Muir nytta ofte objet trouvé, «funne lekamar», som ein del av perkusjonsinstrumenta sine. I denne perioden spelte han òg i bandet Boris med Don Weller og Jimmy Roche (begge seinare i jazz-rock-bandet Major Surgery) og Assagai med Alan Gowen og andre.
Muir var medlem av King Crimson frå midten av 1972 til tidleg i 1973. Med King Crimson spelte Muir stundom vanlege trommer, men medverka oftare med forskjellige uvanlege lydar og perkusjonsinstrument. Muir spelte på albumet Larks' Tongues in Aspic i 1973 og sidan er det gjevne ut fleire konsertopptak som han deltek på. King Crimson-fiolinst/klaverspelar David Cross sa «Me lærte alle særs mykje av Jamie. Han var verkeleg ein katalysator for bandet i starten og opna opp nye område for Bill [Bill Bruford, den «vanlege» trommeslagaren i bandet] samt at han påverka resten av oss.»Chapter Six: King Crimson III and Brian Eno
I 1972 valde Muir å starte eit tilvære som munk, der han følgde dei strenge prinsippa i buddhismen. Han forlet King Crimson brått i 1973 for å slå seg ned i eit kloster i Skottland. Den britiske pressa rapporterte derimot at han hadde slutta i bandet fordi eit perkusjonsinstrument hadde falle på foten hans og skada han under ein konsert med bandet.
I 1980 vendte Muir attende til musikkmiljøet i London med Evan Parker og Derek Bailey. Muir har sidan trekt seg heilt bort frå musikkindustrien og byrja å måle.Interview with Jamie Muir in Ptloemaic Terrascope – ETWiki
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jamie Muir» frå , den 12. juni 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Fri improvisasjon Kategori:King Crimson-medlemmar Kategori:Skotske trommeslagarar